3.3 Vinjerock i Jotunheimen

Papirløs: Vinjerock held til 1060 meter over havet, på Eidsbugarden i Jotunheimen – eit av landets vakraste naturområde. Dei høge fjella og innsjøen Bygdin omgjev festivalområdet og det å arrangere festival så langt til fjells, i eit sårbart naturlandskap, byr på utfordringar og inneber eit stort ansvar for området vi boltrar oss i. 

Dette er grunnlaget for at Vinjerock sidan starten i 2006 har jobba bevisst med miljøarbeid, og valde å bli Miljøfyrtårnsertifisert i 2011. Miljøfyrtårnrapporteringa fører til at resultata blir målbare og synlege, og bør i aller høgste grad bli nytta som eit verktøy for å kunne bli enno betre på miljøfronten for kvart år. Allereie i 2009 innførte vi kjeldesortering, og så langt det er hensiktsmessig blir avfallet kjeldesortert i ulike fraksjonar både i campane og i tilknyting til serveringsområda. Eitt av måla vi jobbar mot er å minske den totale mengda restavfall for kvart år.

Papirlaus festival

Eit ynskje om, og søken etter, nye og betre løysingar har ført til at vi jobbar for å bli det vi likar å kalle ein papirlaus festival. For oss inneber det mellom anna at vi satsar på informasjon via elektroniske løysingar – i staden for å trykke eit tusentals program og plakatar som mest sannsynleg hamnar i søpla. I forkant av Vinjerock blir Facebook og heimesidene våre nytta til å dele informasjon og publisere programmet.

I 2012 testa vi for fyrste gong ut bruken av infoskjermar rundt om på området under festivalen, og i 2013 vart det utvikla ein Vinjerock app som kunne lastast ned til mobiltelefonen. Gjennom desse kanalane kan publikum innhente informasjon om transport, miljø, aktivitetar, program og liknande, og det gjev oss som arrangørar moglegheit til å nå ut med den informasjonen vi ynskjer når vi sjølv ynskjer det. Dette gjer vi blant anna ved å sende direktemeldingar via appen, og endre innhaldet på infoskjermane. Ein av dei store fordelane med desse løysingane er nettopp det at dei er dynamiske og kan endrast om (når) det blir endringar i programmet. Ein føresetnad for å kunne vere papirlaus er at teknologien verkar og at ein har eit stabilt nett som kan handtere den forventa mengda med datatrafikk.

Krafsefestivalen

Sjølve grunnlaget for Vinjerock er området som vi held til i. Med litt over 3000 festivalpass er Vinjerock ein forholdsvis liten festival, men når alle er samla på eit lite område over forholdsvis kort tid vil det bli slitasje på naturen – og særleg i campområda.

I 2011 valde vi å ha eit år utan festival, både for at naturen skulle få ei pause, men òg for at vi skulle kunne leggje enda betre til rette for framtidige festivalar. Omtrent 100 frivillige var samla på Eidsbugarden ei helg i juli for å vere med på Krafsefestivalen for å utbetre området for framtidige festivalar og legge forholda betre til rette for brukarane. Blant anna vart delar av festivalområdet planert og drenert, og stignettet i campområdet vart rydda og tilrettelagt med klopper og gangbruer. Vi har òg namngjett og laga skilt til dei fleste stigane, slik at dei i forkant av festivalen vert tydeleg merka. Dette fører så til at fleire vel å ferdast langs allereie opptrakka stigar.

Transport

Vegen som fører inn til Eidsbugarden er ein av dei få riksvegane som har fått behalde grusdekket, då den har verdi i følgje Nasjonal verneplan for veger og bruer. Denne smale og svingete vegen strekkjer seg omtrent 20 km frå ein tek av frå asfaltert veg på Tyin. Inne på festivalområdet er det avgrensa med parkeringskapasitet. Desse faktorane legg føringar for transporten inn til festivalområdet, og gjer at rolla til transportansvarleg blir særs viktig med tanke på koordinering og gjennomføring av festivalen.

For store kjøretøy, som for eksempel Nightlinarar og lastebilar, må det søkjast om løyve for å kunne køyre på vegen. For å løyse parkeringsutfordringane, og ikkje minst minske transportutslepp og slitasje på vegen, blir festivalpublikummet frakta med skyttelbussar frå Tyin til Eidsbugarden. Samstundes som skyttelbussane løyser dei transportmessige utfordringane, har vi òg sett nytta ved å kunne informere om festivalen og området i løpet av den cirka 30 minutt lange bussturen. Kvar buss har ein eigen bussvert som opplyser om alt frå kringliggjande fjelltoppar til miljøarbeidet på festivalen. Bussvertane deler òg ut posar i ulike fargar som nyttast til kjeldesortering i campane.

Elles oppmodar vi publikum til å samkøyre eller velje kollektivt dersom det er mogleg. Dei siste åra har vi hatt eit samarbeid med den lokale sparebanken om såkalla Ubekymrabussar frå nokre av dei største byane i landet. Desse bussane går heile vegen til inn til Eidsbugarden, og ein kan med andre ord heilt ubekymra passere køa på Tyin, og bussvertane kan by på både quiz og eit måltid i løpet av bussturen. Ein god del av Vinjerockarane vel òg å ta føtene fatt og gå over fjella til festivalen.

På festivalområdet nyttar vi mjølketraller for å hente inn avfall frå campane og for å frakte utstyr så langt det let seg gjere. Dette er også eit av tiltaka som er med på å redusere bruken av motoriserte køyretøy i fjellheimen.

Frivillige og publikum

Sist men ikkje minst har vi fantastiske frivillige og eit publikum som tek ansvar og som ser viktigheita av å halde området i stand. I tillegg samarbeider vi med Røde Kors sitt lokallag om innsamling av pant under festivalen, og det lokale fotballaget finkjemmer området for sneipar og korkar etter at vi har rigga ned. Dei miljøfrivillige er engasjerte og arbeidssame, og med sin innsats gjer dei det mogeleg å arrangere festival også i åra som kjem, samt at dei gjer opplevinga for publikum mykje betre.

Informasjon om miljøarbeidet ut til publikum er òg eit viktig stikkord. Vi opplyser om dette blant anna via heimesidene våre og på bussen på veg inn til festivalområdet. I tillegg trur vi at det er vel så viktig at dei frivillige tek seg ei runde i campane og snakkar med folk, som at dei plukkar søppel. Konkrete tiltak som at vi deler ut posar i ulike farger til kjeldesortering (eksempelvis raudt for pant, grønt for matavfall og svart for restavfall) og har (mange nok) miljøstasjonar på området som er tydeleg merka med same fargekoding som posane, trur vi gjer det enklare å tenkje miljø og å velje rett.

Skrevet av Anne Helle Bjørnødegård i Vinjerock. www.vinjerock.no

Skriv ut »

Vennligst skriv ut med en annen nettleser enn Firefox (da det er bugs i denne).

Leave a Reply